Brukt universalkniv som har gjennomgått omfattande renovering. Den øydelagte spissen er reparert, og eggen er slipt på nytt for hand, med ein finish på 1000 grit.
Det gamle pakkawoodskaftet var sprokke og tørt etter mange rundar i oppvaskmaskinen. Det er erstatta av eit nytt håndlaga skaft i resirkulert wengetre med messingpinnar.
Wenge er eit hardt eksotisk treslag med vakre, mørke mønster, som nesten liknar pelsen til en tiger. Denne tresorten bruker eg berre viss det er avkapp, fordi det er vanskeleg å vite kor berekraftig hogsten av tresorten er.
Spesifikasjonar:
Merke: Henckels / Amway
Lengde: 125 mm
Høgde: 27 mm
Vekt: 61 g
Stål: Rustfritt stål
HRC: 56–57
Handtak: Europeisk fulltange
Handle: Wenge











Reviews
There are no reviews yet.