KURS I

For å kunne lage ein custom saya er det veldig viktig å vere presis. Bladet skal passa inn i treslira.

Den beste måten er utvilsamt å ha kniven fysisk i handa før eg begynner arbeidet.

Men eg forstår det godt: det er ikke så freistande å sende favorittkniven din over lange avstandar. Derfor har eg laga denne guiden, sånn at du kan måle opp dimensjonane og gje meg et rimelig godt utgangspunkt til korleis sayaen skal lagast. Du kan også oppgje produsent og modell på kniven din, f.eks. «MAC MBK-95»; då kan eg finne dei nøyaktige måla på nettet.

Når du skal måle kniven, bør du bruke ein god linjal, målestokk, måleband eller liknande. Det fungerer best viss kniven blir målt i millimeter (mm). Legg ved bilde av kniven; det hjelper meg med å teikne ein prototyp av kniven din.

Sjølv om bildet nedanfor viser ein kniv med wa-skaft, fungerer denne metoden like godt om du har ein kniv med vestlig skaft.

Mål følgande:

A. Høgda på bladet

B. Høgda på spissen

C. Den totale lengda på eggen

D. Høgda på blad, dvs. lengda mellom tangen og eggen ved hælen

E. Høgda på tangen

F. Tjukna på tangen/ryggen av kniven

G. Tjukna på kniven ved spissen

Shopping Cart
Knivsliperiet