Om Knivsliperiet
Om meg
Eg heiter Øystein Sandve og driv Knivsliperiet, på sida av yrket mitt som lærar. Knivsliperiet starta først som hobby hausten 2020, då eg studerte i Bergen. Sidan har det vakse til noko større.
Det heile begynte då eg tok til som knivslipar hos kjøkkenutstyrsbutikken Wallendahl i Bergen sentrum. Ikkje lenge etter begynte mange av kundane mine å levera knivar med større skadar: knekt spiss, rust og øydelagte skaft. Eg tok hus i eit makerspace i Bergen, der eg blant anna lærte meg å laga handtak til kjøkkenknivar.
Interessa og lidenskapen har gjort at eg har gått meir og meir i djupna på knivar – som eg meiner er eit utømmeleg tema!
Kvar månad arrangerer eg kurs i japansk knivsliping – både i Stavanger og Bergen. Du kan lese meir og melde deg på eit kurs her. Eg arrangerer også slipekurs i samarbeid med kokkeskular og andre aktørar.
Dei siste tre åra har eg fokusert meir og meir på mine eigne knivar – brukte kvalitetsknivar som er restaurerte og gitt nytt liv.
Second-hand knivar
Å kjøpe nye ting er ofte unødvendig når det finst så mange knivar av høg kvalitet på bruktmarknaden. Derfor har eg satsa verksemda mi på å selja restaurerte, second-hand kjøkkenknivar.
Eg forsøker etter beste evne å vera berekraftig i handverket mitt. Derfor arbeider eg stort sett med avkapp eller resirkulert trevirke. Eg bruker tresortar som lønn, eik, valnøtt, ask, mahogni og teak. Hovudsakleg bruker stabiliserte emne av nordiske treslag.
Knivane eg har ute for sal er brukte og har fått nytt liv. Dei er restaurerte og slipte – og mange av dei har fått nye handlaga skaft. Eg håper du får glede av ein kniv frå Knivsliperiet!
