Kiya Carbon #3 Gyuto 200 mm

1.420 kr

Sjeladan gyuto i karbonstål frå japanske Kiya Nihonbashi. Kniven har flott, klassisk form, og har blitt grundig restaurert og slipt på nytt.

Out of stock

Category:
Guaranteed Safe Checkout

Klassisk kokkekniv frå japanske Kiya for både det profesjonelle og private kjøkkenet. Stålet har høgt karboninnhald, noko som betyr at eggen held lenge og er lett å slipe opp igjen. Bladet er ikkje rustfritt, så det vil utvikle fin patina etter kvart som du bruker han – alt frå blå, grå og brune fargetonar.

Denne brukte kniven er restaurert: Bladet er tynna ut og polert. Eggen er slipt på nytt ved hjelp av ei rekke japanske slipesteinar, med ein finish på 4000 korn. Kniven er såleis klar til bruk med det same!

Handtaket i pakkawood er originalt, men har blitt reparert. Hòla er limte, skaftet og tangen er slipt og deretter olja, sånn at det er så godt som nytt.

Kiya er eit av de store merka frå Nihonbashi i Tokyo. Dei er kjente for sitt store utval av kjøkkenknivar.

Merk: Bladet har overfladiske groper. Hugs at stållegeringen som er brukt i denne kniven ikkje er rustfri, så han vil patinere og potensielt ruste over tid viss kniven ikkje blir teke hand om. Vask og tørk kniven etter bruk for å unngå rust.

Specifications:
Produsent: Kiya 木屋
Lengde: 199 mm
Høgde: 41 mm
Vekt: 139 g
Stål: Karbonstål
Konstruksjon: Monosteel
HRC: 60 ±1
Handtak: Europeisk fulltange
Skaftmateriale: Pakkawood

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Kiya Carbon #3 Gyuto 200 mm”

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Cart
Knivsliperiet