Kurs i knivsliping

Ønsker du å læra deg å slipa knivane dine på dine knive på slipesteinar?

Kurset er for deg som vil slipa dine eigne knivar for hand på japanske slipesteinar. 

Kurset startar med ei teoretisk innføring om korleis vi set opp ein ny egg på kniven. Du lærer det grunnleggande om slipesteinar, korning og ståltypar. Kurset er praktisk, så du får rettleiing og hjelp med slipinga undervegs. 

Mot slutten lærer du vedlikehold av slipesteinen og kniven, i tillegg til korleis du tek vare på den kvasse knivseggen.

Dette kurset gir eit godt utgangspunkt for vidare øving.

Kurset passar best for begynnarar, men alle er velkomne til å delta. Tosidig slipestein frå Naniwa er inkludert, som du kan ta med deg heim etter kurset. Du kan sjølvsagt ta med eigne slipesteinar.

Kursdatoar:

  • 22. august kl. 18:00 på Nordnes bydelshus (0/6 ledige plassar)
  • 3. oktober kl 18:00 på Ulriken bydelshus (2/6 ledige plassar)
  • 14. november kl. 18:00 på Nordnes bydelshus (6/6 ledige plassar)

Pris:

1200 kr inkl. slipestein (850 kr)

 

Shopping Cart
Knivsliperiet