Kjøpsvilkår
1. Generell informasjon
Nettsida [knivsliperiet.com] er eigd av Knivsliperiet Øystein Sandve, som er eit enkeltpersonføretak etablert i 2020. Innehavar er Øystein Sandve.
Knivsliperiet Øystein Sandve
Nikolai Astrups gate 8
NO–4307 Sandnes
Organisasjonsnummer: 827 165 352
E-post: hei@knivsliperiet.com
Les handelsvilkåra før du bestiller ei teneste eller eit produkt frå Knivsliperiet. Når du legg inn ein ordre frå Knivsliperiet godtar du vilkåra nedanfor.
Knivsliperiet er leverandøren, og er nemnt som “vi”, “oss” og “vår(e/t)”. Kunden er nemnt som “du”, deg and “din(e)”.
2 Prisar
Alle prisane på nettsida er spesifisert som norske kroner (NOK). Vi resereverer retten til å endre prisen frå dag til dag utan samtykke på førehand.
Knivsliperiet er per 1. august 2026 ikkje registrert i MVA-registeret. Derfor vil alle tenester og produkt, inntil vidare, vere utan 25 % meirverdiavgift.
3 Betaling
Vi akspeterer betaling via Vipps/MobilePay og bankoverføring.
For kurs og knivslipetenester vil kunden motta ein faktura.
Når ein ordre er bekrefta, mottar kunden ein e-post.
4 Levering
Vi sender produkt til kundar ved behov. Vi prøver å finna den beste og billigaste frakttenesta for kunden. Derfor bruker vi forskjellige operatører avhengig av kva land bestillinga skal til.
Vi bruker stort sett Posten for levering i Noreg.
5 Tenester
Knivsliperiet tilbyr følgande tenester:
5.1 Slipeservice
Vi tilbyr sliping og reparasjonar for privatkundar og restaurantar i Noreg. Vi tilbyr knivsliping med henting og levering i Bergen. Vi sliper kjøkkenknivar, i tillegg til tolleknivar, stemjarn og sakser. Kunden kan bestille via sosiale mediar, telefon eller e-post.
Prisen begynner frå 130 kr per verktøy. Kunden og Knivsliperiet vert einige om korleis verktøyet skal slipast.
For restauranter, kafear og andre verkstemder tilbyr vi hente- og leveringsservice for knivar til sliping. Dersom verksemda har fleire enn 8 knivar som skal slipast, tilbyr vi knivsliping i lokalet.
Kunder kan òg sende knivar som skal slipast til postadressa vår. Kunden er ansvarleg for å betale for frakta. Kunden er også ansvarleg for å pakke inn og pakka forsendelsen på ein forsvarleg måte, sånn at verkøyet kjem trygt fram. Kunden ber risikoen fram til vi har mottatt verktøyet som skal slipast.
Viss kunden ikkje er nøgd med tenesta, vil Knivsliperiet og kunden bli einige om kompensasjon.
5.2 Kurs i knivsliping
Knivsliperiet arrangerer slipekurs kvart år (i perioden 15. januar–25. juni og 1. september–21. desember). Du kan melde deg på gjennom sosiale medier, e-post, telefon eller via nettsida.
Kurs i knivsliping blir også arrangert i samarbeid med bibliotek, skular og fellesverkstader, der påmeldingsinformasjon og pris ikkje nødvendigvis samsvarer med informasjon på nettsida.
Grunnkursa kostar 1200 kr som inkluderer ein tosidig slipestein, 800 kr utan slipestein.
5.3 Spesiallaga skaft
Vi lagar treslirer og skaft for knivar og verktøy.
Kunden avleverer verktøyet som skal få nytt skaft til Knivsliperiet inntil bestillinga er ferdiggjort.
5.4 Restaurerte kjøkkenknivar
Vi sel brukte kjøkkenknivar på nettsida vår. Desse knivane er restaurerte og slipte. Ein del av knivane har fått nye skaft.
Når du kjøper ein kniv på ein fysisk stand eller liknande, kan du betale med faktura eller Vipps. Vi tilbyr ikkje kortbetaling ennå.
6 Angrerett
Kunden får full angrerett på 14 dagar på produkt frå nettbutikken, www.knivsliperiet.com
For å bruke angreretten, vennligst send melding til: [hei@knivsliperiet.com].
Viss du ikkje gir beskjed om angrerett før du returnerer pakken, vil ikkje kjøpet bli refundert.
Det er ingen angrerett på spesialbestillinger, som skaft, saya og anna reparasjonsarbeid, ettersom dei er laga for å passe til dine verktøy. Viss du likevel ikkje er nøgd, kan du ta kontakt med oss for å kome fram til ei anna løysing.
7 Returnering
Ved retur av produktet må pakken sendast seinast 14 dagar etter mottak. Kunden er ansvarleg for returkostnaden. Varen må òg vere forsvarleg pakka, og sendast til adressa.
Kunden er ansvarleg for å pakke inn og sende pakken på riktig måte. Kunden ber risikoen fram til vi har motteke produktet. Dersom produktet er tydeleg brukt (som tydelege flekkar, riper, rust osv.) vil Knivsliperiet ikkje refundere beløpet.
KNIVSLIPERIET
